søndag 22. november 2009

London

Måndag 16.november satt vi oss på toget klare for 4 dagar i London. Vi trivs godt i Barrow, men gleda oss veldig til ein tur utanfor byen.
Sjå litt av London, bu på KFUK-hjemmet, sjå norsk TV(den femenine delen av familen var godt nøgd med å få sjå Greys anatomy), shoppe litt i Oxford street, kanskje sjå nokon kjende bygg og ikkje minst treffe alle NMS sine eitåringar i Storbritannia og sjå korleis dei bur og arbeider i London. NMS sin representant for Europa og Midtausten(vår "sjef" i NMS), Per Ivar Johansen kom og over frå Noreg for å vere med oss desse dagane. Det var fine dagar der vi hadde ein god blanding av jobb og fritid. Nokre bilete for å oppsummere turen. Desverre er det ingen kjende bygg med på nokon av bileta for familien Hallesby Evjedal tilbrakte det meste av sin fritid i området rundt Oxford circus...


Tysdag kveld var store delar av gruppa på musikalen "We will Rock you". Therese prøver ut kikkerten før det starter.
Therese, Kristin og Ingrid

På togturen nedover var Marie ein engel og koste seg veldig. Kva som skjer utanfor vindauget er kjempe kjekt å sjå på.
Ei tankefull jente på snart 10 månader....





Kristin Hogganvik og Ingrid Hetland er eitåringar i Holborn i London


Marie og Roar på besøk i kyrkja kor Ingrid og Kristin er eitåringar.

Barrow teamet og Carlisle eitåringane på tuben


Ingvild og Marie på Starbucks!!


Her er heile gjengen (-Kristin) samla til lunch før vi skulle reise heim.



Marie er ei flott og glad jente, men er til tider ein skikkeleg skøyer.

1 kommentar:

Unknown sa...

godtfolk! det er så gildt å lese bloggen, selv om det blir sjeldent. håper det går bra med dere. det ser det jo forsåvidt ut som at det gjør. klem fra jennie