Denne veka har det skjedd mykje og det har vore lita tid til blogging,men og gløymt mange gonger å ta bilete av det vi gjer. Var blant anna på eit bra seminar om ungdom og ungdomskultur av Grayham Cray. Men ei lita oppdatering skal de få, og for alle Marie-fans er det nokon ekstra bilete av ho på slutten.
Forrige laurdag var veret så fint at vi måtte ut på tur. På anbefalingar frå lokalkjente valgte vi Hoad Hill, ein ok tur å starte med for å prøve ut meisen. Vi blei advart om at det var ganske bratt nokon plassar, men dei meinte vi skulle klare det fint. Etter 45 min roleg gange var vi framme, utan dei store stigningane. Litt kortare enn vi hadde trudd, men ein fin tur. Og viktigst denne gongen var at Marie likte å sitje i meis.

Med oss på turen var Therese, ei av våre fantastiske eitåringer. Vi hadde alle kledd oss i fjellbukse og gode sko, men det var ikkje nødvendig


Ingvild er eigentleg 60% i permisjon og skal vere heime med Marie 2-3 dagar i veka, men det lar seg ikkje alltid gjere. Nokon gonger må ho berre vere med oss. Her er vi på veg ut på besøk til ein av prestane i byen. Med munnen full av banan er det ikkje enkelt å halde den lukka...

Før vi drog ut for å besøke presten på Walney Island blei det tid til ein liten "arbeidsøkt" på kafe...Kos!

Skype er ein viktig del av kvardagen. Her skyper Marie med mormor og morfar.

Marie i kyrkja....

Marie i vogna..... Takk Tante Kjersti for den fine lua!

Søndagskos! Marie og Pappa ser på fotballkamp og et vafler.

Ellers har vi det bra og nyter livet i Barrow. Vi gler oss til neste helg, då skal vi opp til Carlisle for å sjå og vere med på ein ungdomsfestival som er i katedralen der oppe. Desverre blei ingen av våre ungdommer med, men vi (Ingvild, Roar, Marie, Sophie og Therese) dreg opp for å oppleve dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar